Mange nordmenn fann ikkje lykka i Latin-Amerika

Escrito por Av Silje Pileberg, frilansjournalist
Publicado el

Dei valde sin eigen veg, dei få tusen nordmennene som utvandra til Latin-Amerika mellom 1820 og 1940. Men for mange gjekk det ikkje som dei håpa på. I staden reiste dei skuffa heim att.

man

Nordmannen Olav Gjøvdal (t.v.) drikk mate, ein plantebasert drikk som minner om te. Utvandrarane drakk dette for å unngå skjørbuk som følge av den kjøtrike kosten. I senga ligg Ottar Enger (midten) og Ole Viborg Høiby.(Foto: privat)

 

Medan hundretusenvis av nordmenn emigrerte til USA mellom 1820 og 1940, so var det berre opp mot 20.000 som valde Latin-Amerika. For mange gjekk det ikkje som dei drøymde om, ifølgje ei ny bok om desse norske migrantane.

«Argentina er ikkje Eldorado, som vi trudde og som så mange andre framleis trur,» skreiv Ottar Enger heim til familien sin på Rjukan i 1927.

Den 23 år gamle handverkaren hadde reist frå Noreg saman med 30-åringen Ole Viborg Høiby. Før dei reiste, hadde dei lese at mars var eit godt tidspunkt å kome til Argentina på. Då var det nemleg tid for innhausting på pampasen, det grøderike sletteområdet rundt Buenos Aires.

Men då dei kom fram i slutten av mars, var innhaustinga allereie over. Dei fekk hjelp frå ein norsk sjømannsprest til å finne arbeid på ein jordbrukseigedom der formannen var norsk. Men løna var dårleg og arbeidet keisamt. Allereie etter eit par månader spegla brevet til Ottar Enger at ting ikkje var slik dei to hadde venta.

Underkommuniserte skuffelsar

man

Erfaringene til dei norske innvandrarane har vore neglisjerte i historieskrivinga. Forskinga vår har gjort at vi no kan forstå nye sider ved latinamerikansk historie, seier Steinar Sæther. (Foto: Francesco Saggio/Apollon)

– Vi lurer på om dei mislykka utvandrarhistoriene har blitt underkommuniserte, seier Steinar Sæther, førsteamanuensis ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, Universitetet i Oslo.

I 2011 begynte Sæther og kollegaer å grave i historiene om nordmenn som valde Latin-Amerika som migrasjonsmål i ei tid der hundretusenvis reiste til Nord-Amerika. Mange av historiene dei fann, og som forteljast i fagboka «Expectations Unfulfilled: Norwegian Migrants in Latin America, 1820-1940», handlar om utvandrarar vart skuffa.

– Frå Nord-Amerika høyrer vi gjerne dei gode historiene, men også der var det folk som døydde, vart borte eller kom heim utan pengar. Vi har sett at mange av historiene frå Latin-Amerika hadde slike utfall, sjølv om det finst unntak, fortel Sæther.

Forskarane har lese brev, dagbøker og memoarar som sjåarar og lyttarar sendte inn etter at Sæther fortalde om det nystarta prosjektet på NRK i 2011. Så mange tok kontakt at Sæther framleis har dårleg samvit for at han ikkje har fått svart alle. Responsen var verdifull og har vore ei hovudkjelde for forskarane, i tillegg til materiale frå Riksarkivet, latin-amerikanske arkiv og Internett.

Unge, single menn

Medan rundt 800.000 nordmenn reiste til Nord-Amerika mellom 1820 og 1940, valde 10-20.000 Latin-Amerika som migrasjonsmål. Og medan heile familiar og grender reiste til USA, gjerne på store passasjerskip, var det mange single, unge menn som valde Latin-Amerika. Berre 15-20 prosent var kvinner.

– Mange av emigrantane til Latin-Amerika følgde handelsskip. Dette var delvis fordi det var enklare, ein kunne reise direkte frå Kristiansund til Santos i Brasil, og delvis fordi det i nokre tilfelle var billegare. Ein del valde å jobbe seg over. Dei såg gjerne for seg at dei skulle bli der nokre år og tene seg opp pengar, for så å kome heim att.

Målet med migrasjonen var altså ofte annleis for dei som reiste til Latin-Amerika enn for dei som reiste til USA. Dette kan henge saman med tidspunktet folk reiste på: Den største utvandringa til USA skjedde mellom 1860 og 1880, og familiar reiste over på jakt etter jord.

Mykje av utvandringa til Latin-Amerika hende i mellomkrigstida. Det var også då Ottar Enger og Ole Viborg Høiby la ut på tur. Dei to reiste i 1927.

image

Ole Viborg Høiby (t. v.) speler kort saman med Ottar Enger og Olav Gjøvdal under opphaldet på jordbrukseigedomen i Argentina. (Foto: privat)

Hadde akkurat nok til båtbilletten

Ottar og Ole skreiv om opplevingane sine i dagbøker og brev til folk heime i Noreg. Forskarane har fått tilgang på begge dagbøkene, men berre Ottar sine brev. Historia om dei to er ei av fleire historier som forteljast i boka, og kapitlet er skrive av professor María Bjerg frå Universidad Nacional de Quilmes i Argentina.

Sakte vart Ole og Ottar sin draum om å tene store pengar, fjernare. Eit par månader etter at dei kom, skreiv Ottar til familien at Argentina ikkje var eit eldorado, og at det var det siste landet nordmenn burde reise til.

Etter seks månader i arbeid på jordbrukseigedomen, var dei to frustrerte. Løna var langt dårlegare enn dei hadde venta, og arbeidet var keisamt. Dei bestemte seg for å prøve lykka hos danske jordeigarar lenger sør i provinsen. Men dei kom seg aldri dit, for på vegen trefte dei ein norsk ingeniør som fortalde dei at det var muleg å få jobb i jernbaneutbygginga nord i landet. Etter møtet med ingeniøren reiste dei to mennene fleire tusen kilometer nordover, berre for å finne ut at det ikkje var så lett å få arbeid som dei trudde.

– Dei to enda med å jobbe for eit amerikansk oljeselskap langt nord i Argentina, i Salta-provinsen mot grensa til Bolivia. Der tente dei godt. Men Ottar fekk meir og meir heimlengsel. Samtidig oppstod det ei politisk konflikt i oljeselskapa, og dei miste jobbane sine. Då dei kom attende til Buenos Aires vel eit år etter at dei kom dit første gong, hadde dei akkurat nok pengar til å betale båtbilletten heim att, fortel Sæther.

Tilrådde ikkje Latin-Amerika

Nordmenn som reiste til Latin-Amerika reiste gjerne til Argentina, Sør-Brasil, Uruguay og Chile. Det finst tusenvis av historier, men Sæther meiner at historia til dei to mennene er eit døme på ein tendens som kanskje kan forklare det låge talet på emigrantar til denne delen av Amerika.

– Historier om mislykka reiser til Latin-Amerika spreidde seg, og emigrantar frårådde nordmenn å reise dit. Vi trur at slik uformell informasjon var veldig viktig. På midten av 1800-talet hadde det kome mange positive meldingar, men på 1920-talet var tendensen ein heilt annan, seier Sæther.

Men kva var det eigentleg som gjorde at folk reiste? Var det utelukkande eit ønske om å tene pengar, eller låg det også andre draumar bak? Medan det i mykje av materialet ser ut til at pengar var emigrantane sin klare hovudmotivasjon, har forskarane sett at fleire av dei som reiste ut og kom heim, i ettertid skildrar seg sjølve som eventyrarar.

– Her har vi fått eit tolkingsproblem. Var dei eigentleg eventyrarar, eller var dette noko dei skreiv i ettertid for å rettferdiggjere reisa som ikkje hadde blitt så innbringande som dei trudde? Det er det vanskeleg å vite, seier Steinar Sæther.

Artikkelen ble publisert av Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, UiO

UK betting sites, view full information www.gbetting.co.uk bookamkers